Hopp til innhaldet
TORSDAG 20. AUGUST 2026 En del av araa

Politikaren som gløymde lovnaden

Ho lova at ingen skulle miste ferjetilbodet. Sytten månader seinare går ferja to gonger om dagen.

Del på Facebook

Lovnaden kom i valkampen, på ei brygge, med kamera på. Den blei ikkje halden.

Vi har gått gjennom protokollane. Vedtaket om kutt blei fatta i eit møte utan debatt, som sak 14 av 19, ein torsdag i november.

Ingen stemte imot.